Saman for eit reinare Hålandsvatn
Årsaken til oppblomstringa av algene er at vatnet har blitt tilført store mengder næringsstoff frå jordbruk og avløp gjennom fleire år. Du kan lese meir om blågrønalger på FHI si nettside.
Se video som forklarer:
I 2023 starta Statsforvaltaren i Rogaland, Stavanger og Randaberg kommune, og Stavanger og Randaberg bondelag eit treårig samarbeidsprosjekt kalla Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet.
Forureininga i Hålandsvatnet har lenge vore eit problem. Målet er å få på plass fleire tiltak for å betre tilstanden i vatnet. Første prioritet er å redusere dei årlege tilførslane som i dag overskrid toleevna til vassdraget.
Hålandsvatnet skal vere eit godt nærmiljø, med eit aktivt jordbruk og eit sterkt og levedyktig økosystem.
Biletet: Maya Runde Stølen, prosjektkoordinator for vassdragsrestaurering og frå Park og natur i Stavanger kommune, tar vatnprøver for Stavanger og Randaberg kommune. Åtte innløpsbekkar og utløpsbekkar skal prøvetakast kvar 14. dag gjennom tre år for å fylgje utviklinga. (Foto: Kristin Bringedal, Stavanger kommune).
Vatnet skal bli reinare, og invitere til både bading og fisking.
Det vil likevel ta tid å betre vatnkvaliteten i Hålandsvatnet. Sjølv om samarbeidsprosjektet varer i tre år, vil det ta lengre tid før vatnkvaliteten er på eit ynskja nivå.
Mandag 6. mars 2023 var styringsgruppa samla for første gang, og vedtok den offisielle starten for prosjektet.
I løpet av året vil det komme det ut nyhetsbrev om hva som skjer i prosjektet:
Her kan du lese prosjektplanen med ei rekke tiltak
Målet er at tiltaka i planen skal snu utviklingstrenden for vatnet. Dei fleste tiltaka handlar om å redusere avrenninga frå landbruket i området til vatnet.
Det er statsforvaltaren som leiar samarbeidsprosjektet. Her kan du lese meir om prosjektet og tiltaka.
Fant du det du lette etter?
Hva forsøkte du å finne?