Hålandsvatnet sett frå Båtvika mot nord-vest.

Prosjekt Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet

Av: Kommunikasjon
Publisert: 27.02.2023
Prosjekt Hålandsvatnet er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Rogaland, Randaberg kommune, Stavanger kommune, bondelaga og grunneigarar. Forureining har lenge vore eit problem, og målet er å få på plass fleire tiltak for å betre tilstanden i vatnet.

Medan dei andre vassførekomstane i Jæren vannområde viser teikn til betring, har Hålandsvatnet peika seg ut i negativ retning. Mange er utolmodige, og vil ha raske resultat.

Men det er grunn til å smøre seg med tolmod.

Langvarig belastning frå jordbruk, avløp og anna aktivitet i nedslagsfeltet har resultert i svært fosforrike sediment. Første prioritert er å redusere dei årlege tilførslane som i dag overskrid toleevna til vassdraget.

Prosjektet grip over både jordbruk, avløp og natur. Margit Reiersen vart i august 2022 tilsett som prosjektleiar. Saman med kommunane, bøndene og interesseorganisasjonane i området er vi i gang med å etablere prosjektet.

Du kan lese meir om prosjektet på Statsforvaltaren i Rogaland si heimeside

Opptak av webinaret Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet 7. november 2023

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?