Om E39 Rogfast

Prosjektet E39 Rogfast skal sikre fergefri veg på E39 mellom nord og sør i Rogaland under Boknafjorden.

Tunelløpet for verdas lengste og djupaste vegtunnel (Illustrasjon: Statens vegvesen)


Rogfast er ein 27 kilometer lang tunnel frå Harestad i Randaberg til Arsvågen i Bokn kommune. I tillegg til hovedtunnelen blir det bygd ein tunnel med eit løp på om lag fire kilometer til Kvitsøy.

Rogfast-tunnelen blir verdas lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel. Det lågaste punktet er 390 meter under havflata.

Totalkostnad er 20,60 milliardar kroner (2020-kroner). Planlagt opning er i 2031.

Kor djup er andre undersjøiske tunnelar i regionen?
  • Rennfast:
    Byfjordtunnelen er 5 875 meter lang og går 223 meter under havet.
    Mastrafjordtunnelen er 4 424 meter lang og går 133 meter under havet.
  • Finnfast:
    Finnøytunnelen (under Talgjefjorden) er 1 467 meter lang og går 200 meter under havet.
  • Ryfast:
    Ryfylketunnelen (under Horgjefjorden) er 14 400 meter lang og går 291 meter under havet (er verdas lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel, fram til Boknafjordtunnelen opnar).
    Hundvågtunnelen (under Byfjorden) er 5 700 meter lang og går 94,5 meter under havet.

Animasjon (2022) som viser korleis køyreturen gjennom Rogfast blir. Video: Statens vegvesen/Headspin communication. 


E39 Rogfast er ei viktig brikke i utviklinga av Kyststamvegen mellom Kristiansand og Trondheim.

E39 Kyststamvegen inngår i det overordna transportnettet i landet, der det endelege målet var ein ferjefri heilårsveg mellom Kristiansand og Trondheim.

I 1985 vart det sett ned eit utval av fagfolk og fylkespolitikarar som skulle arbeida for å få fram ulike løysingar. I 1991 vart det lagt fram ein hovudrapport som munna ut i Stortingsmelding 21 (1994/95).

Kyststamvegen er totalt rundt 1 000 kilometer, som tilsvarer ein sjuandedel av det totale stamvegnettet i Noreg.

Kartdata om ny stamveg (Foto: SVV)

Biletet: E39 Rogfast er ei viktig brikke i utviklinga av Kyststamvegen mellom Kristiansand og Trondheim. (Foto: Statens vegvesen).

Overskotsmasser gir 100 dekar nytt næringsareal


Overskotsmasser som blir tatt ut i Randaberg blir køyrd via eit tverrslag (transporttunnel) til Mekjarvik og fylt ut i sjø.

Transporttunnelen er 700 meter lang. Massene blir dumpa i eit sjødeponi, og til slutt blir dette meir enn 100 dekar nytt næringsareal i kommunen. 

Illustrasjonsfoto som viser nye næringsareal i Mekjarvik (Foto: SVV)

Biletet: Slik skal det fyllast ut i Mekjarvik. (Foto: Statens vegvesen).  

I Rogfast-tunnelen, inklusiv arm til Kvitsøy, skal det sprengast ut om lag 6,3 mill. m³ fast fjell, tilsvarande om lag 9,5 mill. m³ sprengstein. Ein reknar med at rundt to millionar kubikkmeter med masse blir tatt ut i Mekjarvik. 

Biletet: Her kjem tverrslagstunnelen ut i Mekjarvik. Når arbeidet med å fylle masse i sjøen er ferdig, er planen å plugge tunnelen. (Dronefoto: Statens vegvesen).

Biletet: Her kjem tverrslagstunnelen ut i Mekjarvik. Når arbeidet med å fylle masse i sjøen er ferdig, er planen å plugge tunnelen. (Dronefoto: Statens vegvesen).


Risikoen for stengt samband over Boknafjorden blir truleg betre ved bygging av E39 Rogfast.

Likevel vil utbyggar at ferjeleiet i Mekjarvik blir tatt vare på, slik at ferjer kan settast inn i ein krisesituasjon.

Biletet: Mekjarvik ferjekai. Foto: Ove Sveinung Tennfjord/Randaberg kommune

Biletet: Mekjarvik ferjekai.  

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?