Kva skjer i Randaberg?

Mai 2023:

Fredag 26. mai: Statens vegvesen starta arbeidet med å fylle tunnelmasse i sjøen i Mekjarvik. Det skjer ved hjelp av ein lekter som fyller opp det aktuelle sjøarealet til 10 meter under havnivå. I Mekjarvik skal det først byggast ein molo (demning), som deretter skal fyllast opp frå land i gytesesongen for torsk.

Foto: Splittlekteren i arbeid. (Dronefoto: Øyvind Ellingsen/Statens vegvesen).

Foto: Splittlekteren i arbeid. (Dronefoto: Øyvind Ellingsen/Statens vegvesen).

Kart: Her ser vi "arbeidsområdet" til lekteren Mikael 1 utanfor Mekjarvik. Data henta ut fredag 26. mai. (Skjermdump frå nais.kystverket.no).

Kart: Her ser vi "arbeidsområdet" til lekteren Mikael 1 utanfor Mekjarvik. Data henta ut fredag 26. mai. (Skjermdump frå nais.kystverket.no). 

Tidlegare hendingar

3. og 6. februar:
Informasjonen under vart sendt ut via postkassene til naboar på Harestad, inklusiv bebuarar i Skiftesvik velforening. Informasjonen vart gjeven i to omgangar, 3. og 6. februar. 

Oversikt over planlagte arbeidsoperasjonar februar-mars 2023 (Illustrasjon: SVV)

30. mars:
Entreprenøren Implenia/Stangeland har starta arbeidet med å sprenge seg inn til hovedløpa i den 700 meter lange transporttunnelen i Mekjarvik i Randaberg. Fjellet er fyllitt og entreprenøren melder om særs god bergkvalitet. 

9. mai:
— Entreprenøren Stangeland er snart er klar til å starte bortkøyring av matjord, skriv Statens vegvesen på si eiga Facebook-side. Det gjer at det blir ein del trafikk i Harestadbakken. Vegvesenet ber difor om at gåande, syklistar og bilistar er obs på dette og tar naudsynte omsyn.

I samband med auka trafikk i Harestadbakken - eller andre vegar med Rogfast-trafikk - har vegvesenet tilbode seg å kome ut og informere aktuelle skular i Randaberg. — Entreprenøren stiller med ein lastebil, og elevane får innføring i sjåføren sine blindsoner. Av erfaring er dette med å skape ei betre forståing mellom tungtrafikken og dei som ferdast på vegar med lastebilar, skriv Statens vegvesen.

Dronebilete av Rogfast-utbygginga på Harestad, Grødem. Foto: Ove Sveinung Tennfjord/Randaberg kommune

Biletet: Snart skal matjorda på Harestad køyrast bort, som vil gje ein del trafikk i Harestadbakken.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?