Bli med på historisk vandring langs kysten

Av: Borghild Gudmestad
Publisert: 17.06.2022
Sundag går startskotet for ei historisk og innhaldsrik vandring langs viktige delar av kysten i Randaberg.

Historisk vandring sundag startar ved Hålandsvatnet klokka 12.00 og endar opp på Vistetunet. Historielaget har saman med kommunen laga skilt og QR-kodar på ei historisk rute som har vore spesielt viktig for Randaberg dei siste hundre åra. Dette er også ein del av hundreårsmarkeringa til Randaberg kommune, saman med andre arrangement som det er mange av denne veka og helga. 

PROGRAM FOR HELG TIL 100-ÅRSMARKERING

Langs ruta vil du møta levande menneske som fortel meir om dei ulike stadene på ruta, som Endrestø, Leidangsnaustet, Kraftverket, Raustein og Vistnestunet. I tillegg er det sett opp nye skilt og QR-kodar du kan bruka for å lesa meir om dei ulike stadene.

— Eg trur det blir eit bra opplegg. Me gler oss til dette, seier Torfinn Goa, leiar av Randaberg historielag.

— Området ved Viste strandhotell har vore ein festplass, og Goa var svært viktig i heile middelalderen, fortel han og Ludvig Selvig som også blir med og fortel på turen.

Visste du forresten av Viste Hageby eigentleg heitte Goa før, men at det var stor diskusjon om kva namn som skulle til for å selja inn dette området. Det blir mykje spennande innhald langs den historiske strekninga.

Dersom du synest turen frå Hålandsvatnet til Vistnestunet blir for lang, kan du velja å gå delar av ruta. Vegen frå Hålandsvatnet og forbi Viste Strandhotell er universelt utforma og passar for dei som enten har med barnevogn eller rullestol.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?