
Sykkelfelt som i Danmark
Du har gjerne lagt merke til endringane i Torvmyrveien? Ein kilometer av vegen er oppgradert, og langs halvparten av strekninga har fylkeskommunen bygt sykkelfelt som er skilt frå fortau og kjørebane med kantstein, ei såkalla dansk sykkelløysing.
— Løysinga med heva sykkelfelt er ei løysing som har fått mykje skryt andre stader i landet. Nå gleder vi oss over at mjuke trafikantar i Randaberg får gode forhold. Det blir både tryggare og meir attraktivt å gå og sykle, seier byggeleiar Roger Hoftun Eik i Rogaland fylkeskommune. Torvmyrveien skal bli ferdig oppgradert til skulestart.
I tillegg til sykkelfelta har Torvmyrveien fått nye lys, skilt og busstopp. Prosjektet blir støtta av Bymiljøpakken.
Fant du det du lette etter?
Hva forsøkte du å finne?