Åpen barnehage

Velkomen til Åpen barnehage i Torvmyrveien 4C.

Innhold

    Kart Åpen barnehage
    Klikk for å sjå større kart.
    Åpen barnehage
    Over: Håkon, snart 2 år, dekker bordet. Under: Tysdag morgon deltok 13 barn og vaksne i det åpne barnehagetilbodet.
    Åpen barnehage

    Det nystarta barnehagetilbodet held ope to dagar i veka, måndagar og tysdagar, begge dagar frå kl. 9.30 til 13.30.

    Barnehagen held til i helsestasjonen sine tidlegare lokaler ved Vardheim i sentrum. Sjå plassering i kartet til høgre.

    Tilbodet er gratis og opent for alle.

    Åpen barnehage er eit prøveprosjekt over to år. Draumen er at barnehagen skal vere ein møtestad med plass for alle, vere eit inkluderande felleskap der familier kan bygge nettverk, vere ein arena for å snakke norsk, samt tilby ein kaffekopp og ein god drøs.

    Barnehagen har tilsett pedagog i 20 prosent stilling og fagarbeidar i 30 prosent stilling.

    Tysdag i denne veka var 13 born og vaksne til stades på føremiddagen.

    Foreldre og born - saman
    Åpen barnehage skil seg frå ordinære barnehagar ved at foreldra fylgjer borna i barnehagen. Her blir dei med på aktivitetane, leiken, samlingsstunda og eit felles måltid i løpet av dagen.

    Åpen barnehage er meint å vere ei fin tilvenning til ordinær barnehage for dei yngste borna, og for minoritetsspråklege barn som ikkje har erfaring frå barnehage i sine heimland.

    Åpen barnehagen følger skolen sine ferier.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?