Samling for reinhaldsleiarar

Reinhaldsleiarar frå åtte kommunar i fylket har starta nytt samarbeidsforum. Initiativet til samarbeidet kom frå Randaberg.

Innhold

    Sigrun Landa
    Sigrunn Landa.

    - Eg har tidlegare sakna eit forum på tvers av kommunane i fylket, der vi kan spele på kvarandre sine kvalitetar og erfaringar. Vi treng ikkje alltid å finne opp hjulet på nytt, heller ikkje innanfor vår bransje, seier Sigrunn Landa, reinhaldsleiar i Randaberg kommune, som var initiativtakar og møteleiar under den første samlinga i Randaberg.

    - Denne samlinga gav oss mange nyttige erfaringar. Den gav i alle fall meg inspirasjon til å samarbeide vidare. 

    Åtte kommunar
    Deltakarane kom frå Stavanger, Rennesøy, Sola, Sandnes, Eigersund, Klepp, Haugesund og Randaberg - totalt åtte kommunar.

    I det første møtet snakka ein om tiltak, utfordringar og status. Reinhaldsleiarane var også innom innsparingar, digitalisering av reinhaldsbransjen og organisering av tenesten i dei ulike kommunane. 

    - Noko av det som er mest interessant, vil vere å få til eit felles rammeverk for reinhaldstenestene, slik at vi kan sikre ein jamt høg standard på arbeidet ute i dei ulike kommunane. I Hordaland fylke har dei allereie fått til ein interkommunal standard, seier Sigrun Landa. 

    To møter i året
    Reinhaldsleiarane vil møtast jamt framover.

    - Vi kjem til å møtast eit par gongar i året, på ulike stadar og med ulike temaer kvar gong.Vi har mykje å snakke om, avslutter Sigrun Landa.

    Neste samling blir i Haugesund i mars neste år.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?