Nytt inngangsparti på kommunehuset

Randaberg kommune skal setje i stand uteplassen framfor inngangen til kommunehuset.

Innhold

    - Først skal vi fjerne det eksisterande dekket og kantane på uteplassen, som skal skiftast ut med heller og kantstein i granitt, samstundes med at vi vøler trappene inn til kommunehuset, opplyser Idar Goa, anleggsansvarleg i Teknisk drift i Randaberg kommune.

    Alle kantar av betongstein skiftar ein ut med kantstein i granitt, og det skal leggast ny asfalt på heile parkeringsplassen.

    - Vi vurderer også å skifte ut kulesteinsmuren mot Randabergveien, då denne har mista noko stein. Vidare skal vi skifte armaturane på lysmastene på området og vi skal plante nytt i krukker og bed, seier Idar Goa.

    Første del av prosjektet (inngangspartiet) skal vere ferdig i løpet av juli månad. Resten av arbeidet - resten av kantsteinen, murer og asfalt - held fram etter fellesferien og skal vere ferdig i løpet av denne hausten.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?