Myrå barnehage opnar dørene

Etter hektiske flyttedagar opnar Myrå barnehage dørene mandag 8. mai.

Innhold

    Myrå barnehage er ei samanskiping av Sentrum og Grødem barnehage. Barnehagen har seks avdelingar (tre avdelingar for dei minste borna og tre for dei største borna), 84 barn totalt og 25 tilsette.
     Kokk Steffen Haraldsen i Myrå barnehage
    Eigen kokk! Steffen Haraldsen er tilsett som kokk i 50 prosent stilling i Myrå barnehage.
     Roger Mikkelsen og Lars Morten Toftevåg legg gummiunderlag på leikeplassen
    Roger Mikkelsen frå RM Agentur og Lars Morten Toftevåg frå Treningspark1 legg gummiunderlag på leikeplassen.
     Parti frå leikeplassen i Myrå barnehage
    Parti frå leikeplassen i Myrå barnehage.
    Myrå barnehage
    Myrå barnehage opnar 8. mai.
    Randaberg Hageservice
    Henrik Brekke Harbo og resten av laget frå Randaberg Hageservice la gummimatter over plenarealet fredag.

    Myrå barnehage, som ligg like ved Randaberghallen i Randaberg sentrum, får 84 born og 25 tilsette.

    Det første flyttelasset frå Grødem og Sentrum barnehage gjekk onsdag i denne veka. Fredag var det planleggingsdag for dei tilsette, der ein klargjorde for barnehagestarten.

    - Vi jobbar på spreng
    - Akkurat no arbeider personalet på spreng for å bli ferdig til opningsdagen. Det blir pakka ut på alle avdelinger, seier Merethe Andersen Ranvert, styrar i den nye barnehagen. 

    Sjølv om alt ikkje er hundre prosent klart til mandag, lovar styraren at det skal vere både stolar og bord til alle borna når dei kjem på mandag.

    - Dette blir heilt fantastisk. Det skal bli godt å få kome inn i moderne og nye lokaler, seier Merethe Andersen Ranvert.

    - Hverken Sentrum eller Grødem barnehage har gode nok lokaler i dag, og no får vi eit lokale som er svært godt eigna. Dette blir veldig bra. 

    Barnehagen har eigen kokk
    Steffen Haraldsen er tilsett som kokk i barnehagen.

    - Ja, det stemmer, eg er tilsett i 50 prosent stilling, i tillegg til at eg kan bli tatt inn som vikar når dei treng meg, seier Steffen Haraldsen.

    - Hovudoppgåva mi blir å lage varm lunsj tre dagar i veka. Lunsjen skal vere sunn og næringsrik, og so må eg introdusere born og vaksne for nye smaker, få dei litt interessert i å prøve nye ting. Det blir veldig spanande å sjå kva dei liker og kva dei et.

    Steffen Haraldsen har aldri før jobba i barnehage, hverken som kokk eller som assistent.

    - Dette blir ei heilt ny og spanande verd for meg, seier han.

    Godt underlag på leikeplassen 
    Lars Morten Toftevåg frå Treningspark 1 og Roger Mikkelsen frå RM Agentur var fredag i full gang med å støype flytande gummi rundt apparata på leikeplassen.

    - Det har vore eit fantastisk vêr dei siste dagane, som har passa bra for oss, sidan vi er avhengig av godt vêr for å legge dekket her, seier Roger Mikkelsen.

    Han fortel at dei først støyper ein 4 cm tjukk botn, før dei legg toppdekket på 1,5 cm.

    - Dette gjev eit trygt og godt underlag for borna sin leik. Vi må sjølvsagt passe godt på dei små, avsluttar Lars Morten Toftevåg. 

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?