Den fleirkulturelle møtestaden

Bibliotekkjelleren var onsdag kveld kulturell møteplass for unge og gamle frå sju ulike nasjonar.

Innhold

    Flerkulturell møteplass i bibliotekkjelleren
    Flerkulturell møteplass i bibliotekkjelleren
    Fleirkulturell møtestad arrangert av Randaberg kulturskule, her ved rektor Sigrid Olsson (nederste biletet t.v.), Hanne Tobiassen og Guro Jacobsen Stranden.

    Eit tredvetals personar deltok i den fjerde samlinga i "Flerkulturell møteplass", som Randaberg kulturskule har tatt initiativ til og inviterer til.

    Ingrediensane i det fleirkulturelle møtet er song, musikk, samtale og mat - kort sagt ein god miks for å bli betre kjent.

    Onsdag kveld ynskte kulturskulen sin rektor, Sigrid J. Olsson, velkomen til unge og gamle frå Somalia, Syria, Kina, Litauen, Bosnia-Hercegovina, Eritrea - og Noreg.

    På programmet stod songar dei song i den siste samlinga, i tillegg til å øve på nye songar. Blant songane vi fekk høyre - og delta i - var dei norske folkevisene "Eventyrvisa" og "Per Spelman", internasjonale og lokale songar som "Malaika", "Manta, manta" (somalisk song) og nasjonalsongen til Sør Afrika, samt verdsslageren "We are the world".

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?