- Voner oppdraga strøymer på!

23 unge møtte tidleg mandag til åpningsdagen av Sommerjobbsentralen i Randaberg. No mangler berre oppdraga.

Innhold

     Ronja Guldbrandsen t.v. og Celina Madelen Sikveland
    Venter på jobbar, Ronja Guldbrandsen (14) t.v. og Celina Madelen Sikveland (13).
    - Vi har veldig lyst på jobb, begge to, seier Ronja og Celina. Dei to unge jentene kan tenke seg å jobbe med mykje variert, frå barnepass, gå tur med hundar og måle til å arbeide i hage.

    Småjobbsentralen Randaberg formidler jobbar til ungdom i alderen frå 13 til 18 år og har opent mandagar i veke 26, 27 og 28, frå kl. 9 til 15 kvar mandag.

    Første dagen møtte meir enn 20 unge i lokala i Landsbyhuset.

    - Det er bra oppmøte, vi vonar difor no at oppdraga blir tilsvarande bra, sier Truls Clausen Waage, leiar for Småjobbsentralen i Randaberg kommune.

    Han fortel at både telefon og e-post vil vere bemanna kvar dag i desse vekene, og oppdragsgjevarar kan sende inn oppdrag heile veka.

    - Det kan vere stor variasjon i oppdraga, frå målarjobbar og ugrasrydding til plenklipping, seier Truls Clausen Waage.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?