- Innbyggarane fortener eit godt alternativ

- La vi gjere ein skikkeleg jobb her i dag. La oss få fram korleis ein ny kommune av desse fire kommunane kan sjå ut på sitt aller beste. Det foretener innbyggarane, sa ordførar Kristine Enger under opninga av nabopratsamlinga i Rennesøy onsdag.

Innhold

     Naboprat 6. april 2016
    Kirsten M. Kolnes, frå Fagforbundet, og  Anne Cathrine Larsen frå Utdanningsforbundet, i ein av pausene under storsamlinga på Rennesøy. I bakgrunnen skimtar vi Alexander Rügert-Raustein frå Miljøpartiet Dei Grøne i Randaberg.

    Meir frå storsamlinga i Rennesøy:

    - Det er mange meininger om kor omfattande kommunereformen skal vere, og når spørsmålet kjem til eiga kommune, blir det beint fram svært vanskeleg, sa Kristine Enger til eit femtitals deltakarar på nabopraten og storsamlinga onsdag.

    - Innan 1. juli skal kommunestyra gjere vedtak, før fylkesmannen deretter teikner kartet for det nye fylket. Våren 2017 får stortingsrepresentantane lagt fram forslag til nytt kommunekart over landet vårt. Dette er alvor.

    - Korleis skal vi løyse dette, spurte Kristine Enger, og svarte sjølv, - blant anna ved å vere her i dag. Vi skal arbeide fram omrisset av ein mogeleg ny kommune, lage eit alternativ som innbyggarane kan ta stilling til.

    Intensjonsavtale innan mai
    Målet med nabopraten i dei fire kommunane er få laga ferdig ein intensjonsavtale innan mai i år. Innbyggarane skal deretter involverast gjennom folkehøyringar, som kan vere folkeavstemming, innbyggarundersøking eller samråd og folkemøter. Kommunane avgjer sjølv korleis innbyggarane skal høyrast.

    - Mi oppmoding i dag er at vi gjer ein skikkeleg jobb. La oss frå fam korleis ein ny kommune av desse fire nabokommunane kan sjå ut på sitt aller beste. Det foretener innbyggarane våre, dei fortener eit skikkeleg godt alternativ. Det er oppdraget vårt, og det er målet med dagen i dag, avslutta Kristine Enger.

    Alternative høyringer
    Sjekk www.utstein.kommune.no for alternative forslag til folkehøyringar, lagt fram av Tor Øyvind Skeiseid, konferansier under storsamlinga i Rennesøy.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?