Stem fram det flottaste friluftsområdet!

I heile haust kan vere med å stemme fram din favoritt til å bli Randaberg sin beste friluftsstad.

Innhold

    Som ein del av Friluftslivet sitt år 2015 skal vi kåre det mest attraktive friluftsområdet i kommunen. Vi spør difor innbyggarane i kommunen om kva dykk meiner er det finaste friluftsområdet. Vi har plukka ut ti områder, som alle særmerker seg som populære turområder for innbyggarane og andre som vitjar kommunen.

    Er din favorittstad Børaunen, Hålandsvatnet, Viste, Raustein, Vistnestangen, Sentrum (med Harestadmyra og Varen), Grødem (med tursti langs Byfjorden), Todnem, Randabergfjellet eller Tungeneset?

    So langt seglar Tungeneset fram som ein favoritt, med Grødem-området på ein solid andreplass - tett fulgt av Viste på tredje. Du kan stemme fram til og med søndag 20. september. Kåringa av det finaste turområdet - samt premiering blant dei som har lagt inn stemme - skjer på Haustmarken i Randaberg, laurdag 26. september.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?