Seniortilskot til professor-foredrag

I tur og orden - onsdag og torsdag i denne veka - har legane og professorane Ingvard Wilhelmsen og Per Fugelli delteke på fagdagar for tilsette på sjukeheimen og i Vardheim bofellesskap.

Innhold

    Anne Marie AskelandHovudgrunnen til at ein kunne hente desse helse-kapasitetane til Randaberg, heiter Kari Lise Johansen (62) og Anne Marie Askeland (64) (biletet til høgre).

    Ved å gi seniortilskota sine til arbeidsplassen, har ein kunne invitere Per Fugelli og Ingvard Wilhelmsen til å halde foredrag for tilsette på dei to avdelingane.

    Andre året på rad
    Det er andre året på rad Anne Marie Askeland - tilsett ved sjukeheimen - gir seniortilskotet til arbeidsplassen. I fjor deltok Marco Estafani, kjend frå TV-serien "Mesternes Mester" på NRK, under fagdagen.

    - Det gir meg mykje å gjere dette for gode og kjekke kollegaer på sjukeheimen. Dei fortener det verkeleg, seier Anne Marie om kvifor ho gir vekk tilskotet, i staden for kun å bruke det på seg sjølv. (Sjå intervju med Anne Marie i filmen under).

    Fagdag med Per Fugelli
    Torsdag var 18 tilsette frå Vardheim bofellesskap samla til fagdag på fyret, blant anna for å høyre Per Fugelli snakke om kva helse er for noko. Helse er ikkje berre kropp, den er også psyke og sosialt samspel, seier han.

    - Eg "sponsar" denne fagdagen rett og slett fordi eg har lyst til å gjere det, seier Kari Lise Johansen. - Eg vil gjerne gje litt attende til fellesskapet på arbeidsplassen, og i tillegg er det jo svært kjekt å få ein kapasitet som Per Fugelli hit til Randaberg.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?