Møte om auka busetjing av flyktningar

Kommunestyret i Randaberg gjorde tidlegare i sommar vedtak om å auke talet på flyktningar til Randaberg. Onsdag var det informasjonsmøte om busetjing av nye flyktningar.

Innhold

    Vedtaket i Randaberg inneber ein auke i mottaket frå 25 til 48 flyktningar i 2015 og frå 28 til 40 i 2016.

    Seniorrådgjevar Ragnhild Aasvang frå IMDi Vest (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet) kunne fortelle at 5 364 personer i dag sit på mottak rundt om i landet, klar til å flytte til ein kommune. - Av desse har kun 1 948 personer vedtak om kommuneplass, medan 3 416 ikkje veit kva for kommune dei skal til. Dei fleste av desse kjem frå Syria, seier ho.

    - Viktig, tverrfagleg oppgåve
    - Busetting og integrering av flyktningar er ei svært viktig og tverrfagleg oppgåve for kommunen. Mange tenesteområder og avdelingar treng å inkludere auka busetting i sine planer og budsjett for 2016, seier Nav-leiar Kel Tighe. For å gje kommunen sine mange avdelingar hjelp i dette arbeidet, inviterte Nav til informasjonsmøte onsdag. Omlag 30 fagpersonar deltok.

    Appell og takk frå Amnesty
    John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty International Norge, kom - via video - med ein takk til Randaberg kommune for å vere snøgt på banen i høve til mottak av nye flyktningar.

    - Amnesty har i lang tid drive kampanje for å få fleire flyktningar frå Syria til Noreg. For å få til dette, må kommunane vere med på ein dugnad. Randaberg kommune svarte raskt til å hente 20 fleire flyktningar og eg vil takke Randaberg kommune for dette vedtaket, seier generalsekretær John Peder Egenæs i sin video-appell (sjå over).

    - Arbeid er viktig for ei vellukka integrering
    Ragnhild Aasvang og Inger Bjørgo Hustvedt, seniorrådgjevarar frå IMDi Vest, orienterte om situasjonen for flyktningane i landet, om kva behov for tenester flyktningane har i kommunane, om kommunen sine pliktar ved busetting og om ulike tilskotsordningar.

    - For å få til ei vellukka integrering av flyktningar i kommunen bør fylgjande vere til stades: God norskopplæring (språket er viktig for integreringa), kvalifisering (introduksjonsprogrammet gjev resultat), arbeid (arbeidsplassen er den beste integreringsarenaen) og friviljug arbeid (bruk idrettslag og andre friviljuge organisasjonar i integreringsarbeidet), seier Ragnhild Aasvang.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?