Mange oppdrag for småjobbsentralen

70 prosent av ungdomane som denne sommaren har møtt opp på småjobbsentralen i sentrum, har fått jobboppdrag. Plenklipping, soping, vask og maling av gjerder og garasjer går igjen blant oppdraga.

Innhold

    Truls Clausen Waage- Sidan småjobbsentralen starta i sommar, 29. juni, har 43 ungdomar vore innom. 30 av desse har fått eit eller fleire jobboppdrag, opplyser småjobb-sjef Truls Clausen Waage (biletet til høgre).

    Gode tilbakemeldingar
    Torsdag 16. juli er siste dag for småjobbsentralen denne sommaren.

    - Sentralen er for ungdom i alderen frå 13 til 18 år, men dei fleste som har vore innom i år er frå 13 til 15 år, og dei kjem frå heile Randaberg, opplyser Truls Clausen Waage. - Vi har også fått veldig gode tilbakemeldingar frå oppdragsgjevarane om dei ungdomane vi har hatt ute i arbeid. Det er kjekt.

    Har tent 1 600 kroner
    Berfin Sagici og Robin Christoffer Lindalen Østbø, begge 15 år, jobba mandag i hagen til Knut Vignes i Dalveien. Knut, som har passert 80 år, seier det er to årsaker til at han bruker ungdom frå jobbsentralen. - Sjølv unngår eg å gjere ein vond rygg enno meir vond, samstundes som ungdomen får tene litt pengar.  

    Pengane Berfin tener denne sommaren, skal ho bruke til å vitje besteforeldra i Tyrkia. - Eg har hatt ein jobb tidlegare i sommar, då eg lukte ugras på Vistnestunet i fire dagar. So langt denne sommaren har eg tent 1 600 kroner, som blir godt å ta med nå eg snart skal reise til Konja i Tyrkia, saman med mor, far og lillebror, seier Berfin. Snurr film!

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?