Ny bompengepakke

Forslag til ny bompengepakke på Nord-Jæren vart presentert torsdag. Bompengepakken skal gjelde frå 2017.

Innhold

    Ill. forslag nye bomringer Nord-JærenPakken, kalla Bypakke Nord-Jæren, inneheld blant anna Bussvei2020, sykkelstamveg og firefelts E39 frå Ålgård til Harestad. Totalt er det planlagt å bruke 18,5 milliardar kroner i bompengar på dei ulike prosjekta. Det er tre gongar meir enn det som blir tatt inn i bompengeordninga i dag.

    Bypakken skal handsamast i kommunane på Jæren og i fylkestinget, før den blir sendt til Stortinget for endeleg vedtak.

    Kva inneheld Bypakke Nord-Jæren?
    I tillegg til Bussvei2020 inneheld pakken blant anna fleire kollektivtiltak, tungbilfelt for næringstransporten, ei rekke vegprosjekt og tiltak for dei som går og syklar.

    Bypakken har to hovudmål: 1) Nullvekst i personbiltrafikken i byområdet på Nord-Jæren og 2) at vegane er framkommelege for alle trafikantgrupper, der hovudvekta er på kollektiv, sykkel, gange og næringstransport.

    Fem bomringar
    For å nå desse måla er det foreslått at omlag 70 prosent av dei 18,5 milliardar kronene skal nyttast til kollektiv, sykkel og gange. 30 prosent er foreslått å gå til vegbygging. Fem bomringar, saman med statlege bidrag, skal finansiere desse tiltaka (sjå illustrasjon over).

    Både bompengepakken og forslag til styringsstruktur blir lagt ut på høyring 12. juni. Kommunane får frist til 1. oktober for å kome med innspel.

    Les meir i presentasjonen frå Rogaland fylkeskommune sin samferdselssjef (pdf) og faktapakken "Forslag til Bypakke Nord-Jæren" (pdf).

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?