Lys i Harestadmyra

- Endeleg, no er det blitt lys rundt turstien i naturparken i Harestadmyra, seier Sveinung Sørensen frå Teknisk drift i Randaberg kommune.

Innhold

    Kart HarestadmyraFredag vart den siste stolpen montert opp og lyset kopla på i naturparken i Harestadmyra i Randaberg sentrum.

    I alt er det sett opp 35 lysmaster - alle med LED-lys (frå engelsk: Light Emitting Diode), som både trekkar mindre straum og har lengre levetid enn ordinære lyspærer.

    Ein kilometer sti er lyssatt
    Heile turstien er lyssatt, frå eksisterande mast bak Randaberghallen og i heile rundløypa, inklusiv øyane ved tjerna.

    Det er snakk om godt og vel ein kilometer sti som er blitt lyssatt. Sjå kart over området  her.

    - Dette er etterlengta, seier Sveinung Sørensen, driftsansvarleg for veg i Randaberg kommune, som også kan fortelle at kommunen i neste veke skal gruse opp det siste partiet på turstien rundt Harestadmyra.

    Det vil då bli lagt ut ny grus i det austre hjørnet i naturparken.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?