Inspirert av "Mesternes mester"

Onsdag arrangerte sjukeheimen i Randaberg fagdag for tilsette på Tungenes fyr. Marco Elsafadi, vinnar av "Mesternes mester 2014", var invitert til å halde inspirasjonsforedrag for dei tilsette.

Innhold

    Sjukeheimen i Randaberg har omlag 50 tilsette, og rundt 30 deltok på fagdagen onsdag. Tema for foredraget var "Motivasjon og arbeidsglede, og korleis vi kan påvirke kvarande".

    - Det er tredje gongen på rad vi har desse fagdagane, som starta som eit resultat av ei medarbeiderundersøking for tre år sidan, fortel Ann Kristin Schmidt Thomson, einingsleiar for heildøgnstenester i Randaberg kommune.

    - Undersøkinga viste at vi hadde utfordringar i høve til arbeidsmiljøet på arbeidsstaden. Vi satte difor igang med slike fagdagar, som kunne hjelpe oss vidare med det psykososiale arbeidsmiljøet.

    Stor suksess
    - Denne eine dagen i året blir avdelinga driven av vikarar, slik at alle skal ha høve til å delta, seier Ann Kristin Schmidt Thomson.

    - Fagdagen har synt seg å vere ein stor suksess, som gjer at vi "sparer" inn vikarutgiftene i eit mykje betre arbeidsmiljø.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?