Tett på lokale bedrifter

Nav Randaberg ynskjer å samarbeide nært med lokale bedrifter. Onsdag vitja Hellen Lande, HR-spesialist frå Cameron Norway AS, Nav-kontoret.

Innhold

    Gjestevisitten frå Cameron er ein del av ei besøksrekke frå lokale bedrifter til Nav denne hausten og vinteren.

    - Det er viktig at Nav samarbeidar godt med bedrifter i kommunen. Tidlegare i haust inviterte vi Rogaland Elektro til Nav Randaberg, og i desember kjem Score Group til oss. Vi får ulike bedrifter til å fortelle om si eiga bedrift og deira behov, noko som gjer det mogeleg for våre tilsette å kome tettare på det lokale næringslivet, seier Nav-leiar Kel Tighe.

    - Godt samarbeid
    Cameron Norway AS er ei bedrift i vekst og har konkrete planar om å utvide lokala i Mekjarvik.

    På bakgrunn at dette fortalde Hellen Lande at deira bedrift i Mekjarvik reknar med å rekruttere fleire medarbeidarar i tida framover. Trass i låg arbeidsløyse, har dei so langt ikkje hatt store problem med å finne den kompetansen dei treng innan mekaniske yrker, men det har vore utfordringar å rekruttere ingeniørar.

    - Samarbeidet med Nav er godt, fortel Lande, som opplever at Nav er til god hjelp med oppfylgjing av sjukmeldte arbeidstakarar. Cameron har nyleg tatt inn to kandidatar i arbeidspraksis, og har god erfaring med desse. Helle Lande fortel også at dei har starta norskkurs for framandspråklege arbeidstakarar i Mekjarvik-bedrifta.

    Finne løysingar saman
    Kel Tighe tykkjer det er godt å høyre at Cameron er nøgd med dialogen med det lokale Nav-kontoret.

    - Nav er i kontakt med fleire personar som har god kompetanse og som ynskjer å arbeide, men som treng bistand til å finne arbeid. Då er det viktig at vi finn gode løysingar saman med våre brukarar og det lokale næringslivet. Den gode dialogen med dei lokale bedriftene skal vi difor  halde fram med, avsluttar Nav-leiar Kel Tighe.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?