Nye legeheimlar

Rådmannen foreslår at Randaberg kommune søker om tre nye fastlegeheimlar.

Innhold

    I dag er det 8 legeheimlar i Randaberg kommune, med ein samla listekapasitet på 15 219 pasientar. 13 412 pasienter fyller desse listene, noko som fører til tilsig frå nabokommunar og ein ledig listekapasitet tilsvarande 1 676 pasientar i snitt per lege. Normtallet er 1 500 pasientar per liste.

    Fastlegane i Randaberg har lenge ynskt fleire legeheimlar. Dei seinare åra er dei blitt pålagt fleire arbeidsoppgåver, og ny fastlegeavtale og gjennomføring av samhandlingsreformen vil auke arbeidsomfanget ytterlegare. Legegruppa har i tillegg etter måten ein høg gjennomsnittsalder.

    Tre nye heimlar i kommunen - til 11 legeheimlar - samsvarer også med målsettinga om eit normtall på 250 pasientar per virkedag, eller ei listelengd på 1 250 i snitt.

    Ikkje kostnadskrevjande
    Nye legeheimlar vil ikkje vere kostnadskrevjande for kommunen. Når legen er sjølvstendig næringsdrivande er finansiering tre-delt:

    • Basistilskot som blir utbetalt av kommunen
    • Refusjon frå Nav
    • Eigenbetaling frå pasient

    Basistilskotet er eit månadleg tilskot som blir utbetalt frå kommunen til fastlegen, rekna ut frå pasienttalet på fastlegen si liste. Legen dekker sjølv utgifter til kontor, utstyr og øvrige tilsette.

    Saken om nye legeheimlar skal i neste veke drøftast i både eldrerådet, råd for mennesker med nedsatt funksjonsevne og hovedutval for oppvekst og levekår. Kommunestyret avgjer det heile seinare i månaden. Les heile saken her.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?