- Vi er eit inaktivt folk!

- Noreg har ikkje ein samla politikk for fysisk aktivitet i dag, og det undrar meg, seier professor Gunnar Breivik ved Norges Idrettshøgskule.

Innhold

    Det var under Landsbykonferansen i Randaberg torsdag han gav strykkarakter til politikarane for deira manglande vilje til å prioritere fysisk aktivitet i landet vårt.

    - Det er eit enormt behov for å auke talet på timar med fysisk aktivitet for barn og unge i Noreg, ikkje minst med omsyn til auken i livsstilssjukdomar, fedme og inaktivitet. Nordmenn er eigentleg ikkje "eit fysisk, aktivt folk", men vi har eit sjølvbiletet på at vi er ein idretts- og friluftsnasjon.

    - Problemet er at vi manglar både politikk og vilje til å løyse dette, seier Gunnar Breivik.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?