World Tea Party

Onsdag opna kunstprosjekta "On The Edge 2012: LYS, LYD, LIV" med internasjonalt te-party på Tungenes fyr.

Innhold

    Seremonimester for "World Tea Party" var den canadiske kunstnaren Bryan Mulvihill, som har invitert til sosial "events"og te i over 20 år. - I samband med kunstprogrammet skal Bryan Mulvihill halde ein serie med åpne teselskap på fire av dei andre fyra, med oppstart på Eigerøy fyr førstkomande laurdag, seier Anders Jaarvik, kultursjef i Randaberg kommune.

    Programperioden for On The Edge 2012 er frå 23. juni til 23. september 2012, og kunstprogrammet er laga i samarbeid mellom fyra på Eigerøy, Kvassheim, Obrestad, Feistein, Tungenes, Kvitsøy og Utsira. 

    - Kunstprogrammet til On the Edge 2012 tar utgangspunkt i dei tre elementa lys, lyd og liv, i ulike kombinasjoner og samanhenger, og eit breidt spekter av kunstverk av dyktige norske og internasjonale kunstnarar vil her bli presentert, seier Elizabeth Croft, kurator for On the Edge 2012.

    Bilete frå opninga:

    WordPress plugin

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?