Vistehola open for alle

Vistehola er betre universelt tilrettelagt ved at det er bygd ein rampe, eller ei rist, frå parkeringsplassen og opp til inngangen i hola.

Innhold

    Rista er lagt under graset - er mest usynleg - og gjer at fleire kan kome seg opp til inngangen i hola. Resultatet er nyskapande, både for kulturvernet og universell utforming, og slik tilrettelegging vil kunne brukast i mange sårbare landskap rundt om i landet. Rogaland fylkeskommune og Randaberg kommune har samarbeida om dette prosjektet. 

    Onsdag 19. september var det offisiell opning - 8 000 år etter den første opninga - ved fylkesvaraordførar Terje Halleland og ordførar Bjørn Kahrs i Randaberg. Lars Monsen og gjengen frå "Ingen grenser 2012" deltok også under opningsseremonien.

    Sjå film frå opninga:

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?