Varen er lyssatt

For første gong er vanntårnet på Varen blitt lyssatt i førjulstida.

Innhold

    Ole Hetland, Åstein Vigane og Øyvind Pettersen frå Randaberg Hagelag brukte seks timar onsdag til å lyssette toppen av Varen i Randaberg sentrum.

    - Vi brukte ei gammal antenne på vanntårnet som fundament. Frå denne strekte vi wirer som vi etterpå festa 250 lyspærer i, seier Ole Hetland frå hagelaget.

    Det er første gong tårnet og Varen er blitt lyssett på denne måten, noko Ole Hetland og hagelaget vonar skal bli ein årviss tradisjon.

    - Eg har gått og tenkt på dette i fleire år, men det var spesielt i fjor at denne tanken vart meir moden og konkret. Eg tok difor kontakt med teknisk sjef i kommunen, og fikk ja med ein gong til å lyssette Varen i år, seier Ole Hetland.

    - Kjempeflott!
    - Dette ser rett og slett kjempeflott ut, seier teknisk sjef Jorunn Bogevik, som torsdag morgon for aller første kunne sjå ein lyssatt Varen. - Vi må sjølvsagt prøve å få til dette som ein årviss tradisjon i Randaberg, slik det til dømes har blitt det i Stavanger - på Ullandhaugtårnet. 

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?