Universell adkomst til Vistehola

Vistehola er blitt betre universelt tilrettelagt. Onsdag 19. september er det offisiell opning av ein nyskapande rampe som er montert frå parkeringsplassen til hola.

Innhold

    Det er fylkeskommunen og Randaberg kommune som i kompaniskap har bygd den nye rampen. 

    - Jobben er utført av teknisk drift i Randaberg. Rampen er montert ned i marka langs fjellet for å gjere den lite synleg i terrenget. Bygningsteknisk er dette ei ny type løysing som vil kunne brukast i mange sårbare landskap rundt om i landet. Resultatet i Vistehola er difor nyskapande, både for kulturvernet og for universell utforming, seier Jan-Kåre Ruud, rådgjevar i Randaberg kommune.

    Offisiell opning 19.9
    Onsdag 19. september kl. 15.30 er det offisiell opning av den nye universelle adkomsten, ved fylkesvaraordførar Terje Halleland og ordførar Bjørn Kahrs. 

    Opninga i Vistehola er lagt i etterkant av Landsbyvandringa. Randaberg kommune vonar difor at flest mogeleg har høve til å delta under festivitasen.

    PS: Laurdag 8. september kjem Dagbladet med ein artikkel om tilrettelegginga i Vistehola.  

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?