Tilskot til ålment kulturarbeid i 2012

Lag og foreninger kan no søke om kommunal stønad til kulturarbeid.

Innhold

    Tilskot blir gjeve til verksemder i Randaberg kommune. Søknadsfrist for dei fleste tiltaka er 1. mars 2012. Dette året kan det søkast om fylgjande tilskot:

    Driftstilskot til lag og foreininger
    Søknadsfrist 1. mars 2012. Driftstilskot til lag og foreininger blir gjeve på grunnlag av talet på aktive medlemmer under 25 år, samt aktivitetsnivå. Dette søknadsskjemaet skal nyttast. Revidert rekneskap for 2011 og ein kort presentasjon av verksemda i laget, skal vedleggast søknaden. Dersom dette ikkje ligg ved, vil søknaden ikkje bli handsama. Vi ber foreininger som avvikler årsmøtet etter søknadsfristen om å oppgi i søknaden dato for årsmøtet, og når ein ventar at årsmeldinga og rekneskapen vil vere oss i hende.

    Tilskot til leiarutviklingstiltak
    Søknadsfrist 1. mars 2012. Det er satt av kr. 150 000,- til kurs/leiarutvikling. Søknadsmengda har vore stor dei siste åra. Alle omsøkte tiltak har difor ikkje blitt innvilga. Dette søknadsskjemaet skal nyttast.

    Tilskot til dekning av leiarutgifter på turar
    Søknadsfrist 1. mars 2012. Retningslinene gjer det mogeleg å søke om tilskot til leiarutgifter i høve til sommarturer o.l. for barn og ungdom.Turen må vere på meir enn tre heile dagar. Dette søknadsskjemaet skal nyttast.

    For leiarutviklingstiltak og leiarutgifter ved sommarturar blir det gjeve rammetilskot for planlagte tiltak. Det må difor sendast inn rapport på gjennomførte tiltak før utbetaling.

    Tilskot til foreiningseigde anlegg
    Søknadsfrist 1. mars 2012. Foreininger som eig eigne anlegg kan søke om driftstilskot. Søknaden må innehalde revidert rekneskap for 2011 og budsjett for 2012. Vi ber om at utgifter til straum, forsikring, kommunale avgifter og vedlikehald blir spesifisert.

    Tilskot til utstyr
    Det kan søkast om støtte til innkjøp av utstyr. Reglane gjer det mogeleg å få inntil 50 prosent tilskot, dersom budsjettet gjev rom for dette. Søknaden må innehalde skildring av utstyret, omtale av behovet og kostnadsoverslag. Det er ingen søknadsfrist for denne ordninga. Søknader blir handsama fortløpande. Større investeringer krev politisk handsaming.

    Arrangement og prosjekt
    Det kan søkast om tilskot til ulike arrangement og prosjekt, hovudsakleg retta mot barn og unge. Søknaden må innehalde ei skildring av tiltaket, samt budsjett. Det er ingen søknadsfrist for denne ordninga. Søknader blir handsama fortløpande.

    Generelt
    Der er satt av meir enn 1,5 millionar til fordeling i 2012. I høve til budsjetthandsaminga hausten 2011 vart potten til kulturmidler auka med 75 000,- kr.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?