Sykkelfest på søndag

230 deltok søndag 6. mai under sykkelturen i landsbyen.

Innhold

    - Dette er eit svært bra oppmøte, litt fleire enn i fjor, opplyser kultursjef Anders Jaarvik. Han trur også det var langt fleire enn dei 230 registrerte ute i løypa som ikkje deltok i sjølve konkurransen, men var på søndagstur i det flotte veret. Litt kaldt var det, men sola varma godt dei timane søndagsturen varte. 

    Søndagstur i landsbyen er eit arrangement der familiar blir oppmoda om å delta. Start og mål er ved Viste Strandhotell, og gjennom sykkeltraseen er det arrangert ein spørrekonkurranse på sju ulike postar. På alle postane er det hengt opp spørsmål med tre svaralternativer. Sykkeltraseen starta og slutta ved Viste Strandhotell, og ruta gjekk slik: Vistestranda - Ladberget - Vistehola - Vistnesveien via Vistnestunet - Vistnesveien tilbake mot sentrum - Visteveien - Torget i sentrum - Vistestranda.

    Sjå bilete frå Søndagsturen her:

    WordPress plugin

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?