Supersøndag

Søndag var det Supersøndag på Tungenes, med tre åpninger på ein og same dag.

Innhold

    Jiu ShimizuFørst ut var utstillingsåpning av sjøbrukssamlinga i Tungevågen. Sjøbruksmuseet åpna første gong i 1990, men stengte dørene for nokre år sidan. Museet er no blitt ein forpost til det maritime vitensenteret, med nye tema som moderne havbruk og fiske, og med nye lærerike eksperiment.

    Sørreime-arvingarDeretter var det utstillingsåpning "LYS, LYD, LIV – On the Edge 2012" i tunet ved fyrbygninga, og visning av installasjon til den janpanske kunstnaren Jio Shimizu (biletet over). I uthuset på Tungenes fyr har Shimizu laga ein heilt ny installasjon. Til sist denne supersøndagen, var det utstillingsåpning "Møkkalukt og fuglelåt", nyåpning av Sørreime-samlinga. Kunstnaren Oskar Sørreime (1919-2007) var busett i Randaberg sidan 1959. I 1989 donerte han og kona Idun si samling av maleri til Randaberg kommune. Kurator Karin Sunderø har gjeve samlinga eit nytt blikk. På biletet over har vi samla nokre av arvingane etter Sørreime, (f.v.) Inger Helene Knoph (dotter) og barnebarna Berit Knoph Bø og Sveinung Knoph.

    Sjå film frå SuperSøndag her: 

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?