Premie til rebusdeltakarar

Randaberg kommune inviterte i sommar innbyggarar og andre til å delta i rebusløpet "Grønn tur - Seks turmål i Randaberg". To av deltakarane får no gåvekort frå MX Sport i premie.

Innhold

    - I år var første gong vi inviterte til å finne seks turmål. Det var lagt ut ein bokstav på kvart mål og til saman skulle dette bli eit løysingsord på seks bokstavar ("Tursti"), seier Grete Lind, folkehelsekoordinator i Randaberg kommune.

    Rebusløpet har vore eit lågterskeltilbod for alle til å kome seg ut i friluft for å styrke folkehelsa. 

    Blant deltakarane som deltok i konkurransen har vi trekt ut to vinnarar, som kvar får eit gåvekort på 500,- kroner frå MX Sport. 

    Vinnarane er Kari Tale Lindstrøm frå Randaberg og Anne-Kristin Gangenes frå Rennesøy.

    Vi gratulerer!

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?