Planstart for Randaberg Aust

Områdereguleringa for Randaberg sentrum aust startar fredag 27. januar.

Innhold

    I samband med reguleringsplanen for Sentrum Aust i Randaberg er interne og eksterne aktørar kalla inn til eit oppstartsmøte fredag 27. januar. Dette innleiande møtet er ikkje eit ope møte for publikum, men eit oppstartsmøte kun for inviterte. Tema som blir tatt opp her er prosess, kva som skal vektleggast vidare, lovverk m.v.. 

    Heile planprosessen vil ta omlag to år. Planprogrammet blir lagt ut på høyring når det er ferdig, og i samband med dette vil kommunen invitere innbyggarar og andre til informasjonsmøte.

    - Plasseringa av Harestad skule vil vere noko av det viktigaste å få på plass - so tidleg som mogeleg, seier plan- og forvaltningssjef Anne-Kristin Gangenes i Randaberg kommune.

    Her kan du sjå grensekart for Sentrum Aust (pdf), og som ein kuriositet ser du også her korleis dei tenkte og planla sentrum i Randaberg for meir enn 60 år sidan; bilete av sentrumsplanen frå 1948.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?