Plan for Ryggmyra

Det skal no utarbeidast detaljreguleringsplan for framtidig utnytting i og ved området Ryggmyra.

Innhold

    RyggmyraRegulerings-planen tar for seg både oppfylling av masse i området (deponi) og vern av Ryggmyra.

    Ryggmyra er ei av Nord-Jæren sine største, intakte kystmyrer. Den vestre delen av myra er sterkt drenert og tilvokst. Den austre delen er rik på duskull og blokkebær (eller skinntryte). Det er spredt tilvekst av buskfuru, gran, bjørk og rogn (DN naturbase).

    I tillegg til botaniske verdiar er også myra viktig for ei rekke fuglar som vipe, storspove og heipiplerke. Området er også godt eigna til undervisningsføremål.

    Gjennom regulering ynskjer Randaberg kommune å sikre Ryggmyra med heimel i plan- og bygningsloven.  

    Les meir her.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?