Opp og hopp

Fysio- og ergoterapeutane i Barn og familie i Randaberg kommune har laga aktivitetsopplegget "Opp og Hopp", for å hjelpe tilsette i barnehagane med å auke aktiviteten blant borna.

Innhold

    Opp og hopp- Vi er opptekne av at fysisk aktivitet for små born skal opplevast som ein naturleg del i leik og utfalding, ikkje som trening, seier ergoterapeut Anne Hilde Rasmussen (t.h. på biletet) og fysioterapeut Birgitte Gundersen (t.v.).

    - Vi har skreddersydd tre opplegg til kvar barnehage, ut frå deira eigne ynskjer og behov. I opplegget freister vi å bruke aktivitetar som barnehagane ikkje bruker frå før, samstundes som vi synleggjer for personalet kvifor dei ulike aktivitetane er gode. 

    Anne Hilde og Birgitte kjem ut til barnehagane annakvar veke, og gjennomfører tre opplegg med nokre av dei store borna. Aktivitetsopplegget i kvar barnehage går over seks veker.

    Sjå film frå opplegget i Viste barnehage
    Vi har filma aktiviteten saman med fire-åringane i Viste barnehage, i ein liten skog ved Vistestranda, i nærleiken av barnehagen. Temaet denne gong var sanser.  

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?