Nautofon 2012

Laurdag 20. oktober blir festivalen Nautofon arrangert på Tungenes fyr. Dørene opnar kl. 20, konsertstart er kl. 20.30.

Innhold

    Festivalen ynskjer å utforske uttrykk i krysninga mellom det visuelle og lydlege, mellom teknologi og menneske - relasjonar som fyret har representert sidan det stod ferdig i 1862. Sjå for deg ein kveld med konsertar, videokunst, installasjonar og perfomancekunst.

    Då Nautofon i fjor vart arrangert for første gong, var det Gaute Vikdal som stod for opningsfanfaren i duett med tåkeluren på Tungenes fyr. Fyrlykta var tent på kvelden for første gong sidan 1984 og var med på å skape ei unik visuell ramme for opptredenen. 

    Festivalen er eit samarbeid mellom Randaberg kommune, Jærmuseet og zang:, og er støtta av Stavanger kommune, Rogaland fylkeskommune og Norsk Kulturråd.

    Program:
    Lasse Marhaug / Nils Henrik Asheim
    {Tåkelur, Konserthusorgel, lydbehandling}

    Gaute Valvatne Granli
    {Gitarimprov}

    Moon Relay
    {Messende, melodiøs og dansbar gitarrock}

    Bodycocktail (us)
    {Amerikansk enmansskollektiv}

    Elin Øyen Vister
    {Soundscape Røst lydinstallsjon}

    Kristin Auestad Danielsen / Sindre Bjerga / Nils Rostad
    {Dikt og improvisasjon}

    Inngang: kr 120 / kr 60 (student). Billettar kan du kjøpe på www.billettportalen.no eller servicetorget.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?