Lotteritilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele omlag 630 millionar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2012. Akkurat det er det mange som ikkje kjenner til!

Innhold

    Erfaring frå tidlegare år syner at det finnast mange lag og organisasjoner som ikkje søker om momskompensasjon. Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar, som til dømes Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskerforbund.

    - Det er også ein del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søker. Vi prøver difor å nå ut til desse gjennom kommunane. Lotteritilsynet ynskjer å nå fleire, seier seniorrådgjevar Steinar Hatlestad i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

    Søknadsskjema og meir informasjon om regelverket for momskompensasjon til frivillige organisasjonar finn du på nettsida www.momskompensasjon.no

    Dersom det er spørsmål kan ein ta kontakt med e-post postmottak@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.

    Lotteri- og stiftelsestilsynet skal også fordele 61,85 millionar kroner i momskompensasjon til idrettsanlegg som mottar spelemiddeltilskot. Les meir om denne ordninga på www.momskompensasjon.no eller www.idrettsanlegg.no.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?