Klarspråk-prosjekt

Randaberg er ei av seks kommunar som skal delta i fylkesmannen sitt klarspråkprosjekt.

Innhold

    Kompliserte saksfelt og krav til fagleg presisjon fører til at den skriftlege kommunikasjonen kan bli tung og omfattande. Fylkesmannen i Rogaland ynskjer å gjere noko med dette i form av eit eige språkprosjekt våren 2012.

    - No har vi fått stadfesta at vi er ei av seks kommunar som blir med i klarspråkprosjektet, saman med kommunane Hjelmeland, Sandnes, Stavanger, Strand og Time, seier ein glad informasjon- og næringssjef Anne Berit Berge Ims i Randaberg kommune.

    Skal vere gode føredøme
    Klarspråkprosjektet handlar om at det offentlege har eit særleg ansvar for å stå fram som gode føredøme når det gjeld å bruka eit godt og klart språk. Betre skriftleg dialog med kommunane skal byggje på ein gjennomgang av ulike brev og tekstar som Fylkesmannen har sendt til kommunane. Seinare i vår skal kommunane og Fylkesmannen gå gjennom desse tekstane.

    - Vi vonar at både Fylkesmannen og kommunane sine byråkrater lærer noko av ein slik gjennomgang, og at dei deretter kan uttrykke seg tydelegare i den skriftlege dialogen med innbyggarar og andre, seier Anne Berit Berge Ims.

    Tåkeprat
    Døme på tåkeprat, henta frå ei offentleg utgreiing: «Vi håper at utvalget har lyktes med å legge til grunn et gjennomgående perspektiv hvor forløp og systemer ses i en helhetlig sammenheng.»

    Fylkesmannen slepp ikkje unna denne gongen heller, sidan det i samband med invitasjon til dette prosjektet blir nytta overskrifta "Tentativt program for arbeidsmøtet" ... i staden for å skrive "førebels program ...". 

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?