Kartlegging av marine naturtyper

Fylkesmannen i Rogaland treng hjelp til å kartlegge marine naturtypar i Rogaland.

Innhold

    Ålegraseng, tareskog, bløtbunnsområdar i strandsona og gyteområdar for torsk skal kartleggast og Fylkesmannen treng hjelp frå alle med lokalkunnskap.

    I 2012 byrjar kartlegginga av marine naturtypar i Rogaland. Det er Miljøverndepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet som finansierer prosjektet. Havforskningsinstituttet, NIVA og NGU har det faglege ansvaret og skal utføre sjølve kartlegginga. 

    For å sikre effektiv og grundig kartlegging er det viktig med kunnskap om dei områda som skal kartleggast. Finns det område som er under stort press frå utbygging, industri og anna aktivitet som kan ha innverknad på det biologiske mangfaldet, og difor bør kartleggast før viktige verdiar går tapt? Er nokre område allereie kartlagd? 

    Kontaktperson
    Fylkesmannen er kontaktperson for prosjektet her i fylket, og utfylt skjema kan sendast direkte til Fylkesmannen i Rogaland, miljøvernavdelinga, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til e-post: cathrine.stabel.henriksen@fmro.no, tlf 51 56 89 15 (direkte).

    Frist for innsending av skjema er 15. juni 2012. 

    Skjema og meir informasjon om prosjektet finn du her.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?