Grenseløs konferanse

220 deltok under Landsbykonferansen i Randaberghallen torsdag 20. september.

Innhold

    Ordførar Bjørn Kahrs i Randaberg opna konferansen, både med ord og lette dansesteg. Deretter fulgte det slag i slag. Først ut var overlege Stein Ørn frå Stavanger universitetssjukehus, som spurte om ein kan dø av å trene. Deretter kom Lars Monsen og Trine Rein på scenen, både aleine og i samspel, tett fulgt av Bjarte Bø-Sande, deltakar frå «Ingen Grenser 2012», i dialog med Lars Monsen om å utfordre eigne grenser.

    Dagleg leiar for Landsbykonferansen, Sigve Skretting, innleia til lunsj med "Måltidet – nødvendig drivstoff for læring!», sjølv om superkokken frå Lom, Bjarne Rimi - programleiar Pål Espen Kilstad sitt alter ego - foreslo å servere forretten "Snurril" - eller Iberia-sneglar som det heiter på våre kantar, sidan det ikkje var mangel på råvarer noko stad.

    Etter ein velsmakande lunsj - forberedt og tilberedt av 6. klassinger frå Goa, Harestad og Grødem skule og kokk Bernt Sandsmark som fagleg rettleiar, heldt konferansen fram med "Hva får du til om du har lyst og får lov?" ved Tore Christiansen, bedriftsleiar og gründer, «En livskraftig og levende landsby for den pulserende Stavangerregionen» v/ Anne Berit Berge Ims, kommunikasjons- og næringssjef i Randaberg kommune og "Mestring er helse!» ved Bent Høie, leiar av Stortinget sin helse- og omsorgskomitè.

    Heilt til slutt vart det delt ut premiar til Landsbymesterne av Lars Monsen. Klassse 8A ved Goa skule kan kalle seg Landsbymestere 2012. Vi gratulerer!

    Sjå film frå konferansen her:

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?