Filmsprell

Elever frå niande klasse ved Harestad skule har vunne 10 000 kroner i ein nasjonal filmkonkurranse om matglede med norsk sjømat. Fredag var det premieoverrekking og sushi-kurs for film-elevane.

Innhold

    Tidlegare i år inviterte Fiskesprell (Norges Sjømatråd) ungdomsskuleklasser frå heile landet til filmkonkurranse om matglede med norsk sjømat. Elever frå klasse 9C ved Harestad skule deltok i konkurransen Filmsprell med Fiskesprell med sin eigen film, om sjømaten sin veg frå hav til fat, og mottok førsteprisen på kr. 10 000 for denne filmen. Sjå vinnarfilmen her: https://www.youtube.com/watch?v=1MLe0igkHtk.

    Fredag var det festivitas for elevar og lærarar i klasse 9C. I tillegg til pengepremie, fekk film-elevane delta i eit sushikurs, under leiing av Fiskesprell sin kurshaldar Reidun Høines og sushikokk Tor Paul Haaland. Etterpå var det servering av smaksprøver frå sushikurset, visning av vinnarfilmen og overrekking av gåvesjekk og diplom til vinnarane ved Grete Lind, folkehelsekoordinator i Randaberg kommune.

    Sjå bilete frå Filmsprell-utdelinga her:

    WordPress plugin

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?