Etter Mekjarvik-brannen

Prøver tatt ved Norsk Metallretur sitt anlegg i Mekjarvik, viser at kaianlegget er i god stand etter brannen 8. mai.

Innhold

    Brannen starta i ein haug av returmetall og gamle bilvrak, og det var periodar med kraftig røykutvikling frå staden. På grunn av giftig røyk over fjorden var Mekjarvik ferjekai også stengt ein periode.

    I etterkant av brannen er det laga ein statusrapport for oljeutskillarar og kaidekket. Det er tatt både kjerneprøver og armeringsprøver av betongen for å sjekke tilstanden. Resultata frå prøvene viser ingen synlege deformasjonar eller riss i kaianlegget.

    - Både betong og armering synes å vere påverka av brannen, men betongen er framleis tilstrekkeleg fast, og armeringa virker å vere i god stand til å ta opp dei lastene den er dimensjonert for, er konklusjonen frå firmaet Procon som har utført kontrollen på kaianlegg i Mekjarvik.

    Les heile statusrapporten etter brannen her.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?