Camp Quest ved fyret

Den første Camp Quest-leiren i Noreg vart arrangert på Tungenes denne helga.

Innhold

    Camp Quest (CQ) starta i USA i 1996 som ei motvekt til dei religiøse sommarleirane. Denne helga vart den første CQ-leiren i Noreg arrangert i Randaberg, for ungdom i aldersgruppa frå 12 til 16 år. 
     
    – I tillegg til friluftsaktivitetar, diskusjonar og sosialt samver, har målet med Camp Quest-leiren på Tungenes vore å få ungdomen til å tenke kritisk og til å stille spørsmålsteikn ved vedtatte sanningar, seier Marit Karlsen Brandal, initiativtakar til Camp Quest Noreg. 

    På leiren har det vore mykje fysisk aktivitet, der dei har nytta den flotte naturen rundt fyret, i tillegg til undervisning. Deltakarane har i løpet av leirhelga på Tungenes fyr fått lære meir om vitskapeleg tenkemåte, astronomi, evolusjon og filosofi, med mål om at dei skal bli betre i stand til å vurdere påstander kritisk. Du kan lese meir om CQ på Wikipedia.

    Sjå film frå CQ-leiren her:

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?