Brann hos Norsk Metallretur

Det pågår etterslokking på området til Norsk Metallretur i Mekjarvik. Det er ikkje lenger fare for giftige gasser. Fergene og snøggbåtruta går no som normalt.

Innhold

    Informasjon lagt ut kl. 08.00 (9.5):
    Det er framleis røykutvikling frå branntomta. Ifylgje bedrifta er det naudsynt med etterslokking resten av denne veka. Framleis kjenner ein ikkje til årsaken til brannen.

    Informasjon lagt ut kl. 16.15 (8.5):
    Ifylgje aftenbladet.no er både fergesambandet Mekjarvik-Kvitsøy-Skudeneshavn og snøggbåtruta Mekjarvik-Kvitsøy i ordinær drift igjen frå Mekjarvik.

    Informasjon lagt ut kl. 15.45 (8.5):
    På bakgrunn av opplysninger frå Brannvesenet og Politiet, demobiliserer Randaberg kommune sitt beredskapsarbeid. Eventuelle spørsmål kan stillast til Brannvesenet eller Politiet.

    Informasjon lagt ut kl. 14.35 (8.5):
    Ifylgje brannvesenet er det ikkje lenger fare for giftige gasser. Etterslokkinga held fram.

    Informasjon lagt ut kl. 12.30 (8.5):
    Randaberg kommune freister no å ta kontakt med alle innbyggarane nord for Randaberggeilen. Røyken er giftig, men det er gunstig vindretning mot nord.

    Informasjon lagt ut kl. 11.30 (8.5):
    Årsaken til brannen er, ifylgje aviser på staden (bl.a. Stavanger Aftenblad og Bygdebladet), at det brenn i ein haug av returmetall og gamle bilvrak, samstundes som det er kraftig røykutvikling på staden. Røyken kan vere giftig.

    Vindretninga er for tida gunstig i høve til røyken, den blåser ut frå land, mot fergeleiet i Mekjarvik. Fergene frå Skudeneshavn og Kvitsøy blir difor omdirigert til Mortavika.

    Politiet har bedt om bistand frå supplybåter som kan stråle med vatn frå sjøsida.

    I høve brannen har Randaberg kommune satt beredskap.

    Du kan også lese meir om brannen på nettstadene til Stavanger Aftenblad og Bygdebladet.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?