Beredskapsanalyse

Statens Vegvesen har for første gong utarbeida beredskapsanalyse for ein vegtunnel - E39 Rogfast.

Innhold

    Sidan det i dag ikkje finnast krav til beredskapsanalyser for vegtunnelar, har vegvesenet laga rapporten på bakgrunn av analyser utført for jernbanetunnelar. Les heile rapporten her.

    Det er i dag ikkje formelle krav til at det skal gjennomførast beredskapsanalyser i plan, prosjektering eller byggefasen for nye vegtunnelar. Statens vegvesen gjennomfører difor denne beredskapsanalysen etter ynskje frå naudetatane.

    Statens vegvesen tilrår i analysen at brannberedskapen bør styrkas ved at alle næraste brannvesen blir gjort i stand til å handtere ein større brann, samstundes med at det blir etablert ein «first responder»-teneste som kan yte bistand ved motorhavari/bilstans, samt yte førstehjelp og førsteinnsats ved bilbrannar.

    Formålet med beredskapsanalysen i E39 Rogfast er å:

    • Sørge for at uønska hendingar ikkje utvikler seg - utover den opprinnelege hendinga.
    • Sørge for at trafikken gjennom tunnelen blir normalisert snøggast mogeleg.
    • Tilrettelegge for tekniske beredskapstiltak i Rogfast for å kunne gjennomføre sikker evakuering til sikker stad.
    • Legge til rette for rask og effektiv innsats frå redningsetatane inn i tunnelen.
    • Gje innspel til dimensjonering av rett beredskap for driftsfasen av Rogfast.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?