Årsmelding/årsrekneskap

- 2011 har vore eit balansert år, der det har vore ein positiv utvikling i økonomiske måltal og reserver, skriv rådmannen i årsmeldinga og rekneskapen for 2011.

Innhold

    Formannskapet og dei andre utvala skal handsame årsmeldinga og årsrekneskapen for Randaberg kiommune før den blir vedteken av kommunestyret. Årsmeldinga og rekneskapen er denne gongen eit felles dokument, men blir likevel lagt fram i to ulike saker. Dette fordi årsmeldinga blir handsama i alle utval, medan det kun er formannskapet som gjev innstilling om rekneskapen til kommunestyret.

    I opplysningane til saken skriv rådmann Magne Fjell at "Randaberg kommune sin rekneskap for 2011 viser eit rekneskap i balanse, dvs eit rekneskapsmessig resultat på null. Skatteinntektene vart marginalt lågare enn venta. I både 2009 og 2010 hadde Randaberg kommune stor nedgang i skatteinntektene. Dette er for ein stor grad snudd i 2011, men det vart likevel eit netto avvik på skatteinntekter/inntektsutjamning på 3,8 millionar kroner".

    - Etter to år med dårlege økonomiske resultat, der mykje av dei oppsparte midlane er nytta for å saldere resultata, har 2011 vore eit balansert år der det har vore ei positiv utvikling i økonomiske måltal og reservar, skriv rådmannen til saken.

    Les Årsmelding/Årsrekneskapen 2011 her.

    Fant du det du lette etter?

    Takk for din tilbakemelding

    Hva forsøkte du å finne?