Du er her: Hjem / Landbruksnytt / Utlysing av midlar til regionale klima- og miljøtiltak 2022

Utlysing av midlar til regionale klima- og miljøtiltak 2022

Av: Kommunikasjon
Publisert: 08.02.2022
Statsforvaltaren i Rogaland har 600 000 kr frå klima- og miljøprogrammet til å støtte regionale prosjekt i 2022. Frist for å søkje er 15. mars.

Søknadar som støttar strategiar i Regionalplan landbruk og Regionalt bygdeutviklingsprogram kan få støtte.

Her kan du lese meir om ordninga og søke støtte

I 2022 ønskjer vi særskilt å få inn søknadar på følgjande område:

  • Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats for redusert tap av næringsstoff til sårbare vassdrag
  • Prosjekt som styrker klimavenleg driftspraksis i jordbruket
  • Prosjekt innan følgjande tema:
    Informasjonstiltak om rett og god bruk av husdyrgjødsel.
    Informasjon- og mobiliseringsstiltak om on site- målingar av næringsverdi av husdyrgjødsel og biorest.
    Kartlegging av avdrift frå spreiing av husdyrgjødsel med gjødselkanon.
    Kartlegging av effekt av vipetiltak. Til dømes effekten av bruk av vipediskar ved miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel og effekten av vipestriper i regionalt miljøprogram

Statsforvaltaren kan støtte inntil 70 prosent av den totale kostnadsramma for prosjektet, og viser til retningslinjene for ordninga

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?