Du er her: Hjem / Landbruksnytt / Siderproduksjon, kurs i bruk av plantevernmidler og strandryddeuke

Siderproduksjon, kurs i bruk av plantevernmidler og strandryddeuke

Av: Kommunikasjon
Publisert: 13.09.2021

Kurs, autorisasjon for kjøp og bruk av plantevern

NLR Rogaland har sett opp kursdatoar på Bryne for fornying av bevis og bevis for første gong. Det kjem kurs på Haugalandet og Helleland. Det blir sett opp kurs også fleire stader ved stor nok interesse.

Du kan gå direkte til skjema for påmelding til dagane som etter kvart blir lyste ut. Så langt er det desse:

  • Obligatorisk for fornying og valfritt for bevis første gong. Du kan velje mellom desse dagane:
    Bryne Kro og Hotell, Morenefaret 3, 23.11.2021, kl. 09.00-16.30
    Bryne Kro og Hotell, Morenefaret 3, 02.12.2021, kl. 09.00-16.30
    Bryne Kro og Hotell, Morenefaret 3, 06.01.2022, kl. 09.00-16.30

Obligatorisk praksisdag, berre bevis for første gong. Du kan velje mellom desse dagane:

  • Bryne Kro og Hotell, Morenefaret 3, 08.12.2021, kl. 09.00-15.30
  • Bryne Kro og Hotell, Morenefaret 3, 20.01.2022, kl. 09.00-15.30

rogaland.nlr.no finn du meir informasjon.


Innføringskurs i siderproduksjon med sidersmaking og besøk til siderprodusent

Målgruppe: Lokalmatprodusentar innan frukt- og drikkeproduksjon med mindre enn 10 årsverk. Erfaring med juiceproduksjon kan vere ein fordel, men kurset passar for nybegynnarar og!

  • Kursholdere, tid og sted:  Eivind Vangdal og Guro Helgesdotter Rognså.
  • Dag og tid: 01. oktober, kl. 09.00-16.30.
  • Sted: Måltidets hus AS, Richard Johnsensgt. 4 Ullandhaug, 4021 Stavanger
  • Pris: 900 kr.

Målet med kurset: Kurset er tilpassa deg som vil vita litt meir om sider og korleis sider vert laga. Kanskje har du laga din eigen sider eller ynskjer å prøva. Kurset er og nyttig om du vurderer å satsa på sider-produksjon som næring, og som forkurs for Kompetansenettverket for lokalmat sine 3-dagars siderkurs i Ulvik (1.-4. november).

Innhald

  • Kva er sider? – typar og stilar; gode sidereplesortar, smakstilsetjing m.m.
  • Kva utstyr treng du? – frå pressing til emballasje for ferdige produkt, tilpassa ulike produksjonsomfang
  • Gjæringsprosessen, og korleis denne kan styrast. Tilsett gjær eller spontan gjæring? tilsetjing av sukker?
  • Moglege utfordringar og feil som kan koma, og korleis ein kan unngå desse
  • Sensorisk marknadsføring. Korleis faktorar som emballasje og historieforteljing påverkar kunden
  • Trendar innan sider
  • Smaking av tradisjonelle sidertypar og sider med smakstilsetjing og issider. Korleis vurdera smak på sider.
  • Besøk til Sandalen gard, Randaberg – omvisning i sideriet og smaksprøvar

For ytterligere opplysninger, kontakt Aase Vorre Skuland, e-post: aase.vorre.skuland@nofima.no

Les mer om kurset her.

Meld deg på her

Strandryddeuka 2021

Det nærmer seg Strandryddeuka 2021. I uken 11.-19. september er det fokus på strandrydding. Bli med og gjør en forskjell i kampen mot marin forsøpling. Les heile saka her.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?