Du er her: Hjem / Landbruksnytt / Invitasjon til Landbrukskonferansen 2022

Invitasjon til Landbrukskonferansen 2022

Av: Kommunikasjon
Publisert: 09.02.2022
Invitasjon til Landbrukskonferansen 2022 - Digitalt treffpunkt landbruk.

Landbrukskonferansen 21. mars 2022 er dessverre avlyst. Det blir i staden eit Digitalt treffpunkt landbruk 21. mars frå kl. 10.00 til 12.00.

Hovudtema for programmet er "Landbruket i dag: korleis blir det økonomisk og sosialt berekraftig?".

Treffpunktet blir på Teams, og du kan melde deg på innan 14. mars ved å gå inn på Statsforvaltaren si heimeside under konferansar. Alle som melder seg på vil få ein e-post fredag 18. mars med lenke til å gå inn på.

Førebels program:

  • Kl. 10.00: Velkomen, ved Bent Høie, statsforvaltar i Rogaland
  • Kl. 10.10: Utdeling av heiderspris for landbruket i Rogaland 2021
  • Kl. 10.30: Norsk matproduksjon inn i framtida - moglegheiter og utfordringar, ved politisk leiing
  • Kl. 11.00: Miljømessig, økonomisk og sosial berekraftig matproduksjon – kva er det og kva må til? ved Hanne Fjerdingby Olsen, postdoktor NMBU
  • Kl. 11.20: Korleis ta vare på Rogalandsbonden som matprodusent også i framtida? ved Marit Epletveit, leiar i Rogaland bondelag
  • Kl. 11.35: Landbruket, ein trygg, attraktiv og god arbeidsplass? ved Eirin K. Sund, regionleiar i LO
  • Kl. 11.50: Oppsummering ved landbruksdirektør Geir Skadberg
  • Kl. 12.00: Slutt

Møteleiar er Anfinn Rosnes, assisterande landbruksdirektør.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?