Du er her: Hjem / Landbruksnytt / Fagdag om landbruksbygg i tre 15. september

Fagdag om landbruksbygg i tre 15. september

Av: Kommunikasjon
Publisert: 10.08.2022
Klimavenlege og moderne landbruksbygg i tre blir tema torsdag 15. september kl. 09.30-15.00 på Bryne Kro og Hotell. Her blir det faglege innlegg frå ulike leverandørar og synfaring av ferdige landbruksbygg i tre.

Målet med fagdagen er å inspirerer og få fleire bønder til å ta klimavenlege val gjennom å bidra til å lagre CO2 i sine landbruksbygg og redusera CO2-utsleppa ved bruk av tre med lågt CO2-fotavtrykk samanlikna med andre byggjematerialar. I tillegg har bygg i tre positive effektar for trivsel og inneklima, gjennom naturleg regulering av fukt, temperatur og ventilasjon og god lyddemping. Dette vil du få høyre meir om på fagdagen.

Arrangør er Rogaland Skognæringsforum i samarbeid med Rogaland Bondelag, Rogaland treforum og Statsforvaltaren i Rogaland. Fagdagen er open for alle interesserte.

Detaljert program og påmelding blir lagt ut på statsforvaltaren si heimeside så snart innhaldet er spikra, og seinast medio august. Fagdagen er og annonsert i Bondevennens møtekalender.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?