Varsel om navn på ny parsell ved Vistnesveien/Visteveien
Tidligere forslag om navnet Vistehøyden er påklaget av Språkrådet.
Kart: Kartutsnitt for ny vegparsell.
For spørsmål eller kommentarer, ta kontakt med kulturkonsulent Reidun Irene Bjordal på e-post: rib@randaberg.kommune.no.
Vi ber om at eventuelle innspill sendes skriftlig til e-post: post@randaberg.kommune.no, eller i brevs form til: Randaberg kommune, postboks 40, 4096 Randaberg. Innspill kan også sendes via elektronisk skjema: https://skjema.no/randaberg/702516.
Høringsfrist er torsdag 5. mai 2022.
Etter høringsfristen vil kommunen legge fram forslag til gatenavn for Språkrådet. Deretter går saken til endelig behandling i Hovedutvalg for nærmiljø og levekår i Randaberg kommune.
Her er kva Randaberg historielag meiner om nytt namn:
Uttale om Vistehøyden som gatenamn.
Historielaget har hatt saka oppe i styret, og me har og drøfta spørsmålet med lokalkjende folk som har levd ei stund. Først av alt vil Historielaget seia at det er uheldig at utbyggarar i så stor grad får lov til å bestemma namn på nye bustadområde. Det hindrar ofte at opprinnelege, gode namn blir brukt.
Me har ikkje truffe nokon som kjenner til at dette aktuelle området har blir kalla Vistehøyden eller Vistehøgda. Vistekrossen er det namnet dei lokale tradisjonelt har kalla området. Primært vil derfor historielaget foreslå at det namnet blir brukt. Viss det likevel står mellom Vistehøyden eller Vistehøgda, vil Historielaget støtta Vistehøyden.
I utgangspunktet har me stor tillit til fagorgan som Språkrådet og Kartverket. I dette tilfellet er me likevel ikkje imponert over argumentasjonen dei bruker når dei går inn før Vistehøgda. Dei skriv m.a. at "Adressenamnet Vistehøyden har fått en skrivemåte som ikkje er i samsvar med § 4 i lov om stadnamn: "Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen."
Me finn ingen gode argument hos fagorgana for at Vistehøgda er den nedarva talemåten. I alle fall har ikkje me klart å finna nokon nålevande randabergbu som finn denne uttalen og grammatikken naturleg i talemålet vårt. Når fagorgana viser til at Vistehøgda er brukt i bygdeboka, så er ikkje det noko bevis for at Vistehøgda er rett i forhold til "den nedervde lokale uttalen". Slik me ser det, kjem dette rett og slett av at forfattaren av bygdeboka skriv nynorsk, og då heiter det rett nok ei høgd - høgda.
Harestad 31. mars 2022
For Randaberg historielag
Torfinn Goa, leiar
Fant du det du lette etter?
Hva forsøkte du å finne?